Grumantbyen på Svalbard vart etablert og namngjeven i 1920-åra av gruveselskapet Anglo-Russian Grumant Company, Ltd. Gruveselskapet hadde hovudkontor i London, og utferda lokale pengesetlar for bruk i Grumantbyen. Teksten på ein slik setel har vorte reprodusert og omgjort til kunst: Trykk i avgrensa opplag prenta i nyansar av svart i pulversiert kol frå nedlagde Gruve 3 i Longyearbyen. Bokstavane på trykka skriv seg frå ein 'sovjetisk' font kalla Grumant Bold.
Fredag 8. august kl. 18 samtalar initiativtakar Morten Søberg (SpareBank 1) og grafisk formgjevar Ørjan Ingvaldsen i Haltenbanken om dette kunstprosjektet med Julie Lillelien Porter på Nordover kunstsenter.
Det blir lett servering og mulighet for å kjøpe disse unike trykkene!
Detaljert bakgrunnsinformasjon: https://www.svalbard.money/serigraphy
Sponsor: SpareBank 1