Tilbake til alle arrangementer

Kolkunst: presentasjon og samtale

Grumantbyen på Svalbard vart etablert og namngjeven i 1920-åra av gruveselskapet Anglo-Russian Grumant Company, Ltd. Gruveselskapet hadde hovudkontor i London, og utferda lokale pengesetlar for bruk i Grumantbyen. Teksten på ein slik setel har vorte reprodusert og omgjort til kunst: Trykk i avgrensa opplag prenta i nyansar av svart i pulversiert kol frå nedlagde Gruve 3 i Longyearbyen. Bokstavane på trykka skriv seg frå ein 'sovjetisk' font kalla Grumant Bold.

Fredag 8. august kl. 18 samtalar initiativtakar Morten Søberg (SpareBank 1) og grafisk formgjevar Ørjan Ingvaldsen (Haltenbanken) om dette kunstprosjektet med Julie Lillelien Porter på Nordover kunstsenter.

Det blir lett servering og mulighet for å kjøpe disse unike trykkene!
Detaljert bakgrunnsinformasjon: https://www.svalbard.money/serigraphy
Sponsor: SpareBank 1

Forrige
Forrige
2. august

Soul Peak Studio: yogaworkshop- dyp hvile for Arktisk sommer

Neste
Neste
14. august

Ina Otzko & Stein Henningsen: Eye in the Sky